Gå videre til innhold
Foto: Privat
Foto: Privat

Pressemelding -

Augustprisvinnande barnebok om havet, døden og kjærleiken no på norsk

Vente på vind av Oskar Kroon fekk Augustpriset 2019 for beste svenske barnebok, og no er ho klar for å møte norske lesarar. Boka blir lansert 18.mai. 

Vente på vind handlar om Venge som ein sommar bur hos morfaren på ei øy i den svenske skjergarden. Venge drøymer om å bli sjømann akkurat som morfaren, og å segle til fjerne hamner. Heime i byen er ikkje ting så greitt, Venges mor er konstant lei seg, og faren ventar barn med den nye kjærasten sin. Venge orker ikkje å tenke på livet i byen, og er glad for å kunne oppleve tystnaden og sommaren side om side morfaren, ein mann som ikkje ønsker å tilpasse seg eit A4-liv. På øya er det varmt, og lufta står stille. Venge pussar opp båten hun har fått av morfaren, men ein dag dukker det opp ei jente på stranda. Ho heiter Rut, klatrar høgt og er ikkje redd for nokon ting. 

Vente på vind er ei gripande forteljing om ein uvanleg sommar. Kroon skriv fram eit portrett av ei ung jente som er på veg mot å forlate barndommen, og om slike vennskap som berre oppstår når ein er barn, i løpet av ein sommar som verkar som eit halvt liv. 

Oskar Kroon (f.1980) er forfattar og bakar. Han debuterte med Mitt fönster mot rymden (2018). For den andre barneboka si, Vänta på vind frå 2019, fekk han Augustprisen.

Boka er omsett av Runa Kvalsund.


Frå svensk presse:

"En vacker, existentiell berättelse om att växa och förändras." Dagens Nyheter

"Vänta på vind är (...) en skimrande poetisk pärla i floden av böcker för slukaråldarn." Amanda Svensson, Sydsvenskan

Emner

Tags


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Pressekontakt

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Relatert materiale

Welcome to Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO