Gå videre til innhold
Barnebok om å vere einsam og aleine i eit framandt land

Pressemelding -

Barnebok om å vere einsam og aleine i eit framandt land

Seksten år gamle Ilias bur på asylmottak med søster si Amira på ni år. Ein dag skjer det noko som gjer det farleg å bli verande. Søskena må rømme ut i den mørke natta. Vinden er isande kald, og dei har dårleg tid. Snart høyrer dei snøskuteren som jaktar på Ilias. Kven kan hjelpe dei gjennom den frosne vinternatta?

- Eg jobbar som bibliotekar på ein skule med mange minoritetsspråklege elevar og har kjent på utfordringa med å finne gode bøker til dei. I samarbeid med ei innføringsklasse byrja eg å skrive på eit lettlestmanus. Eg snakka med elevane om kva dei ønska å lese og leste manus for dei undervegs, fortel Sunniva Relling Berg.

Boka er utgitt med støtte frå Leser søker bok. Illustrert av Bjørn Rune Lie.

Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund og bur i Bergen. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanenUtfor, som blei nominert til Brageprisen. Polarnatt er hennar tredje roman for unge.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO