Gå videre til innhold
Foto: Mats Jensaas
Foto: Mats Jensaas

Pressemelding -

Barnebokdebut om jungelmedisin, klysegutar og venskap

Thoralf Fagertun debuterer med Familien Gnork, ei sprek og overskotsprega barnebok illustrert av prisvinnande illustratør Line Halsnes.

Tom saknar bestevenen Martin, som ligg halvdaud på sjukehuset. Saman skulle dei vunne den superviktige fotballkampen mot den motbydelege erkefienden Preben og laget hans. Men utan Martin vil dei heilt sikkert tape. Når familien Gnork flyttar frå jungelen til Tom sin kjedelege småby, blir håpet tent. For om Tom gjer familien Gnork ei teneste, skal dei lage ein heidundrande naturmedisin som vil gjere Martin frisk og speleklar til kampen. I forsøket på å lage medisinen må både krokodillar, kattar og kvalar til pers som prøvekaninar, noko som får uana konsekvensar. Og i skuggane lurer Preben med skumle planar...

Familien Gnork er ei sprø og munter forteljing om venskap, fiendskap, edderkoppjakt og heimelaga medisin med utrulege biverknader. Og ganske mykje fotball.

Boka er rikt illustrert av Line Halsnes. Halsnes er ein prisvinnande illustratør.

Thoralf Fagertun (f.1980) kjem frå Meløy i Nordland, og jobbar med forskingsformidling. Han er utdanna litteraturvitar og har gått forfattarutdanninga ved Norsk Barnebokinstitutt.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO