Gå videre til innhold
Berit Rødstøl aktuell med miljøfabel

Pressemelding -

Berit Rødstøl aktuell med miljøfabel

Ei eventyrleg forteljing om vennskap, campingplassliv og miljøvern.

Med barneboka Frøppeldunk gir Berit Rødstøl seg i kast med ei av vår tids viktigaste problemstillingar: miljøvern. Eit tema ho opplever at dei unge er opptekne av.

- Det er dei som skal rydde opp att etter festen. Som vaksne blir vi fort motlause og tenkjer at det ikkje nyttar å gjere noko. Medan ungar ser verda på ein meir naiv og konstruktiv måte. Opplever dei urett må det rettast på, slik er det berre. Hadde dei vaksne tenkt slik, kunne vi ha gjort ein skilnad for både miljøet og verda vi lever i, seier Rødstøl. 

I Frøppeldunk møter vi Ea. Kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane forsvinn, ein etter ein!

Korleis i all verda kan det ha seg? Dette må Ea og ferievennen Lars finne ut av, og det før absolutt alle fargane er vekk og heile verda blir grå! Ei intens jakt etter løysinga startar og alle dei rare, fine campinggjestane på Frøppeldunk blir involvert i mysteriet.

Boka er resultatet av eit samarbeid mellom Berit Rødstøl og mannen hennar, Christian Fjeldbu som har illustrert boka.

Berit Rødstøl (f. 1979) er forfattar, journalist og dokumentarfilmskapar. I 2010 debuterte ho med romanen Himmelreisande, som handlar om hunden Laika som vart sendt ut i verdsrommet i 1957. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO