Gå videre til innhold
Bildeboka "Pølsetjuven" selt til Sverige og Sør-Korea

Pressemelding -

Bildeboka "Pølsetjuven" selt til Sverige og Sør-Korea

Litteraturagent Eirin Hagen i Hagen Agency kan fortelje at rettane til Marianne Gretteberg Engedals Pølsetjuven er selt til store forlag i Sverige og Sør-Korea.

- Det har vore god interesse for Pølsetjuvens eigenart i både innhald og utforming på haustens bokmesser. Eg trur ei slik original bildebok appellerer breitt, seier Eirin Hagen.

Det svenske forlaget uttalar mellom anna dette om boka: 

”Förutom att det är en makalöst bra historia är den också intressant och nyskapande i temat, texten och illustrationerna. Vi blev helt enkelt knockade av den lille ofrivillige tjuven, Kjell, och hans familj."

Pølsetjuven fekk strålande meldingar i norsk presse då den kom ut tidlegare i vår:

«God nok til å bli en av årets beste barnebøker.»
Egon Låstad, Periskop.no

«Pølsetjuvener en forunderlig original fortelling om et velkjent tema: Våg å være deg selv. [...] Marianne Gretteberg Engedal debuterer medPølsetjuven, og sjelden har jeg sett en så stilsikker debut. [...]Pølsetjuvener så visuelt overbevisende at det er en fryd å lese den.»
Hilde Dybvik, barnebokkritikk.no

«Pølsetjuvener rett og slett ei av dei finaste bøkene eg har sett på lenge, og kvar einaste side boblar over av nydeleg fargebruk og spanande detaljar.»
Arild Torvund Olsen, nynorskbok.no

«Søt og ekstensiell bildebok om å gå sine egne veier.»
Maya Troberg Djuve, Dagbladet

«...forfriskande biletbokdebut [...] noko du ikkje har sett før»
Janne Karin Støylen, Dag og Tid

Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Pølsetjuvener den første boka hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert materiale

Welcome to Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO