Gå videre til innhold
Biografien "Berge Furre. Eit liv i rørsle" av Arnhild Skre kjem 21.10.

Pressemelding -

Biografien "Berge Furre. Eit liv i rørsle" av Arnhild Skre kjem 21.10.

I biografien om Berge Furre og hans tid trer eit undrande, intenst, rastlaust og strategisk handlande menneske fram. Omdiskutert til det siste. Ein mann i rørsle, eit levande menneske. Biografien er skriven av forfattar og journalist Arnhild Skre og kjem ut 21.10.

Lanseringsarrangement på Litteraturhuset i Oslo tysdag 25.10. Skre i samtale med Hans Olav Lahlum: https://www.facebook.com/event...

«Høvding» og «bauta» blei Berge Furre kalla då han døydde i 2016, 78 år gammal. Landet rundt mante minneorda fram den skjegløygde SV-leiaren, historikaren og presten, kjend gjennom debattar, pensumbøker og preiker over eit halvt hundreår.

Nekrologane vektla den stabile og trygge Furre, men då det omfattande arkivet hans blei opna for biografen, såg ho at dette bildet måtte brytast opp.

Kristentru, sosialisme, målsak og fredssak prega Berge Furres liv, men biografen syner oss også prestestudenten som miste trua. Vi blir kjende med fredsvenen som hamna i naiv beundring for DDR. Kampen mot EU gjorde han til folketalar, avsmaken mot jappetida førte han tilbake til kyrkja. Som stortingsmann for SV kjempa Furre fram tverrpolitisk semje om betre bondekår, men han skapte splid med lovbrot og risikerte riksrett då han offentleggjorde hemmelegstempla dokument om amerikanske militære peilestasjonar i Noreg.

Arnhild Skre (f. 1952) er norsk journalist og forfattar. Ho har solid røynsle som kulturjournalist gjennom meir enn tretti år i NRK, Dag og Tid og Aftenposten. Ho har doktorgrad i historie og har skrive kritikarroste biografiar om Theodor Kittelsen, Ragnhild Jølsen og Hulda Garborg. I 2011 fekk Arnhild Skre Brageprisen for biografien om Hulda Garborg.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO