Gå videre til innhold
"Blå flaggermus" av Harald Nortun nominert til Brageprisen

Pressemelding -

"Blå flaggermus" av Harald Nortun nominert til Brageprisen

Harald Nortun er nominert til Brageprisen i klassen for barne- og ungdomslitteratur med boka Blå flaggermus.

I juryens grunngiving står det mellom anna:

"Blå flaggermus er korthogd og velskriven, og sveipar innom tematikk som fattigdom, rettferd, dysleksi og fleire typar utanforskap – mellom anna er Sander i aukande grad oppteken av den ukjende far sin. […] Denne underhaldande, men samstundes truverdige skildringa av den unntakstilstanden ein barndomens sommarferie kan vere, har noko på hjartet."

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2015 gav han ut ein kritikarrost roman for barn, Eksperimentet, som er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. Nortun er busett i Trondheim

Frå bokmeldingar:

«Denne romanen er noko av det beste eg har lese på ei stund innan norsk barne- og ungdomslitteratur.»
Elise Solvåg, Framtida.no

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO