Gå videre til innhold
Foto: Nicolas Tourrenc
Foto: Nicolas Tourrenc

Pressemelding -

Blix-prisen til teikneserieforfattar Jens K. Styve

Minneprisen etter Emma og Elias Blix skal delast ut til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det om mogleg skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar.

Juryen grunngir tildelinga av prisen slik:

Komiteen for tildeling av Blix-prisen har i år falle ned på ei original og ny løysing i pris-tildeling. Forfattaren som får årets pris er sjangermessig plassert i ein litterær kategori som ikkje alltid har fått like mykje ære, trass i at den har vore akta og omtykt i lang tid, nemleg teikneserieforfattaren. Vinnaren held til i Tromsø og brukar nynorsk som bruksspråk i teikneserien Dunce, som har fått ein voksande tilhengarskare gjennom den norske dagspressa dei siste åra. Serien vann Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i 2016, og Pondus-prisen i 2017. Forfattaren bak serien er Jens Kjartan Styve, òg kjent som Jens K. Teiknaren går såleis inn i ein lang tradisjon av nordnorske teiknarar som Jens R. – mellom anna kjent frå nynorskblad som Norsk barneblad, Smørbukk (1938–59) og Tuss og Troll (1944–56) – frå Valberg i Lofoten. Det er også nærliggande å tenkje Elias Blix’ eigen son Ragnvald som ein av dei Styve står på skuldrene til i sin litterære teikneproduksjon der kommentarar til dagsaktuelle kvardagsproblem er sett under lupa. Styve og Dunce har synt at nynorsk er eit godt eigna bruksspråk på litterære felt der språket sjeldan er å sjå, med base i Nord-Noreg. Slik sett arbeider han innafor ein tradisjon etablert av Elias Blix om å gjøre nynorsken synleg som bruksspråk på nye litterære arenaer. Nokre av teikneseriestripene til Styve finst samla i boka Lut og kaldtvatn frå 2019. Kandidaturet til Styve blir dessutan styrkt av at forfattaren òg har gitt ut to romanar, Eg, Ove Kvamme(2008) og Friedland(2013). Det er med andre ord ein allsidig og verdig kandidat komiteen har funne i Styve.

I juryen for Blix-prisen: Aslaug Eidsvik, Sigrid Merethe Hanssen og Steinar Aas.

Blix-prisen vart delt ut i Vandrehallen (UB) på Universitetet i Tromsø fredag 2. desember. Prisen er på 15 000 kroner.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO