Gå videre til innhold
Boka du treng for å lære dei vanlege norske skrivereglane

Pressemelding -

Boka du treng for å lære dei vanlege norske skrivereglane

Vi har nok alle vore der. Tvilen kjem snikande. Er det greitt med smilefjes i offentlege brev? Punktum i strekpunkt? Korleis finn du tankestrek utan å setje inn kodar på ein pc? På ein mac?

Hjelpa har kome. For Aud Søyland og Jan Olav Fretland presenterer no boka Norske skrivereglar/Norske skriveregler, og legg samtidig fram reglar for skriving på skjerm – både i form av e-post og nettekstar.

Boka kjem både for nynorsk og bokmål.

- Å skriva rett er ein del av verdien av nasjonalspråket, og det handlar først og fremst om kommunikasjon, seier Jan Olav Fretland. Ofte stoppar kommunikasjonen når ein ergrar seg over feil.

Dette er boka du treng for å unngå feila som fører til kommunikasjonssamanbrot.

Lanseringa av boka finn stad på Litteraturhuset i Oslo 26.august kl.19.00

Forfattarane vil vere tilgjengelege for intervju denne dagen.

Jan Olav Fretland er førsteamanuensis ved avdeling for lærarutdanning og idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han er tidlegare leiar i Norsk språkråd og har skrive lærebøker i nynorsk grammatikk og i god offentleg språkbruk, mellom anna På saklista.

Aud Søyland har lang røynsle som språkrettar og har samla døme til boka frå praktisk arbeid med tekstar. Ho arbeidde i norsk språkråd på 1980-talet, men har sidan vore frilans språkrettar og omsetjar. Søyland er òg ein av redaktørane for Hellevik: Nynorsk ordliste.

Saman har dei to tidlegare gjeve ut Rett og godt. Handbok i nynorskundervisning.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO