Gå videre til innhold
Foto: Tove K. Breistein

Pressemelding -

Bokhandelens forfattarstipend til Arne Henning Årskaug

Arne Henning Årskaug mottar bokhandelens forfattarstipend 2023 på 60 000 kr. Stipenda delast ut av Bokhandlarforeninga i samarbeid med Den Norske Forfattarforening.

Arne Henning Årskaug er utdanna bibliotekar og har studert skrivekunst. Han debuterte med prosasamlingen Utstyrstekster i 2015, og i 2022 kom oppfølgjaren Skap & Sørg, som av juryen blir beskrive som “punk-prosa i bygdetapning”.

“Dette er ellevill, utemmet prosa som ikke ligner på så mye annet i norsk litteratur. Nettopp dette tydelige og personlige avtrykket er det som gjør Arne Henning Årskaug til en stemme å følge med på fremover,” skriv juryen i grunngjevinga.

– Denne tildelinga var grueleg kjekk, eg skal ikkje lyge og påstå noko anna. Å skrive bøker er eit svimlande og fornuftstridig strev, og eg vert difor frykteleg glad når krotet mitt gjer inntrykk på nokon som har teke på seg arbeidet med å lese det. Når ein ser på lista over tidlegare mottakarar skjønar ein dessutan at ein har hamna i eit særs staseleg selskap, seier Årskaug.

Utdelinga skjer under Litteraturfestivalen på Lillehammer 24.mai klokka 14.00.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Årskaug, Arne Henning (c) Tove K. Breistein 2021_1_BRUK DETTE.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5760 x 3840, 18.1 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Arne Henning Årskaug ute med ny prosasamling; Skap & Sørg

    Skap & Sørg av Arne Hennings Årskaug er ei maksimalistisk, syngjande og laussleppt prosasamling med stort språkleg register, ublyg energi og faretruande humor. Her møter du ein forderva og ufjelg ranglebande som du slett ikkje vil ha på besøk, eit stormforelska par som rømmer heilt ut i verdsrommet for å sleppe unna seg sjølve, kvardagen og den ulmande undergangen, ein bortkomen gud som motvil