Gå videre til innhold
BOKLANSERING: DET NORSKE TEATRETS 100-ÅRS SOGE TORSDAG 3.10.

Pressemelding -

BOKLANSERING: DET NORSKE TEATRETS 100-ÅRS SOGE TORSDAG 3.10.

Alfred Fidjestøl byr på dramatiske scener frå 100 års teatereventyr i Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013. For første gong kjem her heile historia, frå turneane til forløparen Det Norske Spellaget i 1911 og 1912 til den storslagne hundreårsfeiringa i 2013.

LANSERING TORSDAG 3.10 PÅ DET NORSKE TEATRET, BIKUBEN 2. ETG KL 10. Presentasjon av boka, kulturinnslag og lett servering.

Det Norske Teatret trassa tyngdelovene i Teater-Noreg, det trassa dei økonomiske vilkåra og dei fysiske føresetnadene i den vesle teatersalen, og det trassa den veldige motstanden mot prosjektet mellom riksmålsfolket. Opninga i hovudstaden utløyste eit vekelangt teaterslag, med pipekonsertar under framsyningane, blodige slagsmål i salen og titusentals demonstrantar i gatene omkring teateret. 100 år seinare er språkstriden avvæpna og teaterkunsten har mist den privilegerte posisjonen sin i kulturfeltet. Men Det Norske Teatret står framleis like støtt, med eige palass i Karl Johan-kvartalet og 200 000 publikummarar i gode år, trass alt.


Alfred Fidjestøl (f. 1973) er journalist og forfattar og har tidlegare gjeve ut bøkene Hans Jonas. Ein introduksjon (2004) og Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007). Han har vore tilsett ved Det Norske Teatret for å skrive jubileumssoga deira, men har stått heilt fritt til å skrive ærleg, kritisk og usminka om vegval og konfliktar, kriser og høgdepunkt.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO