Gå videre til innhold

Pressemelding -

Brit Bildøen er klar med ny roman, Moderat sikt.

Brit Bildøen er klar med ny roman, Moderat sikt.

Karl vaknar opp i skogen med store smerter. Han hugsar at han sprang. Han hugsar at han fall. I brokkar og bitar kjem minnet tilbake. Han var på Innsetra, arrangerte rovdyrsafari. Det svartnar for han når han prøver å røre på seg. Kvar er alle dei andre?

I denne frittståande oppfølgjaren til Gult farevarsel møter vi igjen søskena Karl, Dorte og Anette og foreldra deira. Da familien var samla på Innsetra eit år tidlegare, gjekk det meste gale. Løgnene og dei vonde minna frå denne helga har splitta dei. Men no, når Karl er borte og leiteaksjonen er i gang, må familien legge alt dette bak seg. Kan det vere denne nye katastrofen som skal samle dei igjen?

Brit Bildøen

(f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014), som også vart nominert på langlista til Dublin Literary Award. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.

Sagt om Gult farevarsel:

«Bildøens reelt spennende og velkomponerte kriminalfortelling kan i alle fall leses som en slags langfabel om hvordan det urbaniserte mennesket er nærare knyttet til det ville enn det tror»- Maria Olerud, Morgenbladet

«Det kan vere vanskeleg å bake klimakamp og miljøengasjement inn i ein roman, utan at det blir trått misjonerande. Brit Bildøen klarar det betre enn dei fleste. «Gult farevarsel» vart ein uventa spanande tur til fjells. Eg mistenker dessutan at boka vil røre . og opprøre . hundeelskarar ekstra hardt»- Gerd Elin Stava Sandve, NRK

«Bildøens roman går rett inn der noe brister, i vår forståelse av natur.»- Tom Egil Hverven, Klassekampen

«[L]esaren vert engasjert. Veldig engasjert! [...] Thrillerelementet som litt etter litt veks fram, gjer boka spennande [...] Gult farevarsel er kort og godt ei aktuell bok»- Odd W. Surén, Dag og Tid

«Brit Bildøen har skrevet en roman som lykkes i å bygge opp mot et burlesk, ja, vilt, klimaks. I et ganske enkelt hendelsesforløp viser hun hvordan den borgerlige fasaden slår sprekker; hvordan et menneske, straks forbindelsen til kultur og sivilisasjon blir brutt, kan henfalle til primitive instinkter»- Fartein Horgar, Adresseavisen

«Høgaktuell krim om mørk og stormfull helg»- Marit Heiene, Romsdals Budstikke


Brit Bildøen
(f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014), som også vart nominert på langlista til Dublin Literary Award. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter