Gå videre til innhold
Brit Bildøen kjem med ny roman 19.8.; "Sju dagar i august"

Pressemelding -

Brit Bildøen kjem med ny roman 19.8.; "Sju dagar i august"

Brit Bildøen er klar med ny roman, Sju dagar i august 19.8.

Lansering av boka på Ingensteds, Brenneriveien 9 i Oslo tysdag 19.8. kl 19.00 (med Ruth Lillegraven, og musikk ved Sandra Kolstad og Bjørn Tomren)

I eit framtids-Oslo prega av regn og flom, strevar eit ektepar med sorga etter dottera som døydde på Utøya. I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto ei rekkje små ulykker. Kvar for seg er ikkje desse hendingane så alvorlege, men dei avslører små og store sprekkar både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre? Eller er desse ulykkene påminningar om ein større livskatastrofe?

Romanen er lagt fram i tid. Sofie jobbar på Munch-museet i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen i Oslo. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Det er åtte år sidan terrorangrepet, der Sofie mista dotter si. Ekteparet har halde det gåande fram til denne veka i august. Men kor lenge kan sorgarbeid vere ein felles prosess? Medan regnstormar herjar og konfliktane tårnar seg opp, blir det klart for Sofie og Otto at dei ikkje kan la livet gå vidare som før.

Brit Bildøen (f. 1962) er forfattar og forlagskonsulent. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO