Gå videre til innhold
Byggjer bru mellom fortid og framtid i spennande forteljing frå krigens dagar

Pressemelding -

Byggjer bru mellom fortid og framtid i spennande forteljing frå krigens dagar

Ingunn Røyset er no tilbake med eit frittståande framhald til barneboksuksessen Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen.

Aldri fred å få er ei forteljing som tek opp i seg krigen, død, søskenkjærleik og vennskap mellom ulike generasjonar.

- Utgangspunktet mitt har ikkje berre vore å ville skrive ein spennande roman for born, eg ønskjer også å formidle dei historiske hendingane knytt til 2. verdskrigen til ein ny generasjon. Rett og slett fordi eg synest det er for tidleg å gløyme, seier Røyset.

I Aldri fred å få har Dagny blitt storesøster. I tillegg har ho krigen å kave med. Vår tids Dagny er tilbake i 2. verdskrigen og møter igjen Belinda og Kalla. Det er fint, hadde det ikkje vore for at Kalla har planar om å gjere slutt på krigen heilt på eiga hand. Det er mykje spennande ein kan finne i fjøra, men Dagny treng hjelp både frå notid og fortid skal ho finne skattekista hans Ammen. Og når som helst kan det smelle.

I forteljinga om Dagny møtest ulike generasjonar som har hatt vidt forskjellige oppvekstvillkår, og vennskap oppstår på tross av skilnad i alder.

- Det er fascinerande at to generasjonar med to heilt ulike erfaringar kan finne saman og ha glede av kvarandre. For meg med barn i den eine generasjonen og foreldre i den andre kan dei store skilnadene av og til opplevast komiske og andre gongar litt triste, seier Røyset.

Ingunn Røyset (f. 1965) er utdanna sosionom, men har dei siste 15 åra jobba som journalist. Ho er opphavleg frå Hareid på Sunnmøre, og bur no på Flø i Ulstein kommune. Ho debuterte med Prins Storm i 2012.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO