Gå videre til innhold
Foto:Simon Klein-Knudsen
Foto:Simon Klein-Knudsen

Pressemelding -

Dansk storsuksess på norsk. Maren Uthaug klar med feministisk framtidsfabel; "11%"

Maren Uthaugs nye roman 11% ligg på bestseljartoppen i Danmark denne våren og vann nylig den høghengande bokhandelprisen De gyldne laurbær. Den norske utgåva kjem 16. mars og er omsett av Ingvild Holvik.


26. april kjem Uthaug til Litteraturhuset i Oslo og skal samtale med Wenche Muhleisen.

I Uthaugs framtidsfabel blir vi tatt inn i eit matriarkalsk samfunn utan menn. Med unntak av nokre få hannar i eit avlssenter på Lolland. Fire kvinneliv blir motvillig vikla inn i kvarandre, og nøydde til å samarbeide då det dukkar opp ein gut i det fri. Spørsmålet er kva tidspunkt guten inneheld så mykje testosteron at han blir eit trugsmål mot dei alle.

"internasjonalt format". Politiken

"Valdsam og vidunderleg", Berlingske tidende

"Sprudlar av forteljarlyst", Kristelig Dagblad

"Forrykande", Dagbladenes bureau


Maren Uthaug(f. 1972) er halvt samisk, med røter på Trøndelagskysten og i Kautokeino, og flytta til Danmark som åtteåring. Ho har gitt ut ei rekke satiriske teikneseriebøker og teiknar den daglege stripa i Politikens kulturseksjon. I 2013 debuterte ho som romanforfattar og har sidan mottatt DR Romanprisen, Otto B. Lindhardt Prisen og Læsernes Bogpris. 11 % er den fjerde romanen hennar, for boka fekk Uthaug den danske bokhandlerprisen De Gyldne Laurbær.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO