Gå videre til innhold
Debutantprisen Trollkrittet til sterk ungdomsroman; "Sting" av Therese Garshol Syversen

Pressemelding -

Debutantprisen Trollkrittet til sterk ungdomsroman; "Sting" av Therese Garshol Syversen

Trollkrittet er NBUs (Norske barne- og ungdomsbokforfattarar) debutantpris og går til ein lovande barne- eller ungdomsbokdebutant. I år går prisen til Therese Garshol Syversen for ungdomsromanen Sting.

I boka tek Garshol Syversen opp korleis ein kan halde ut det som ikkje er til å halde ut. 16 år gamle Emma er einaste overlevande etter ein familietragedie. Ho må flytte til mormora si langt ute på landet. Der bur også Hannes, naboguten som har fotografering som hobby og gjerne vil bli venn med Emma. Psykologen Beate seier at Emma ikkje kan kome seg vidare før ho hugsar kva som har skjedd.
Men Emma kan ikkje hugse, vil ikkje hugse. "Sting» er ein sterk roman om minne, om vald og om korleis ein på nytt kan finne lys i alt det som er mørkt.

Dette er fyrste gong ei bok på nynorsk vinn prisen sidan den blei oppretta i 2011. Prisen er på 25 000 kroner og vinnaren får også eit diplom laga av illustratør og forfattar Stian Hole. Juryen er det litterære rådet i NBU.

Namnet Trollkrittet er henta frå boka ved same namn av Zinken Hopp frå 1948.

Therese Garshol Syversen (f. 1988) arbeider med barnelitteratur og litteraturdidaktikk ved Høgskolen i Innlandet. Ho tok imot prisen etter årsmøtet til NBU laurdag 25. mars. Dette seier juryen:

«Tematikken er mørk, men hovudpersonen Emma kjem seg vidare og går inn i nye relasjonar til folka rundt seg. Therese Garshol Syversen har med si debutbok skrive eit overtydande stykke realistisk kvalitetslitteratur med djupe og truverdige psykologiske skildringar.»

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO