Gå videre til innhold
Det Norske Teatret og Samlaget inviterer til skrivekonkurranse som speglar samtida

Pressemelding -

Det Norske Teatret og Samlaget inviterer til skrivekonkurranse som speglar samtida

Det Norske Teatret og Samlaget inviterer til skrivekonkurranse i samband med Fossefestivalen 2021 i september. Juryen er på jakt etter historier, erfaringar og forteljingar som kan bli til bok eller framsyning på scenen.

Utgangspunktet for konkurransen er at norsk litteratur og scenekunst må spegle samtida vår. Kunsten skal vere relevant for alle, uavhengig av kulturell bakgrunn. No ønskjer vi å ta nok eit skritt på vegen mot eit meir representativt teater- og litteratur-Noreg. Vi inviterer skrivande med minoritetsbakgrunn og/eller fleirkulturell bakgrunn til å delta med tekstar. Vi er på jakt etter historier, erfaringar og forteljingar som kan bli til bok eller framsyning på scenen. Tekstane kan ha barn, ungdom eller vaksne som målgruppe.

Ein jury frå Samlaget og Det Norske Teatret vil lese og vurdere alle bidraga. Vinnaren blir honorert med 30 000,–. Forfattaren får sjansen til å vidareutvikle teksten mot bokutgiving eller teateroppsetjing i samarbeid med forlaget og/eller teateret.

Bidrag vert sendt til forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog, h.kolmannskog@samlaget.no Frist for innlevering er 1. mai 2021.

Utlysningteksten kan du lese HER

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO