Gå videre til innhold
Dordi Strøm får Lyttaranes romanpris for romanen "Odel"

Pressemelding -

Dordi Strøm får Lyttaranes romanpris for romanen "Odel"

Strøm får Lyttaranes romanpris etter at ho kom til finalen der ho konkurrerte mot Tore Renberg og Oliver Lovrenski. Scenograf, kostymedesignar og forfattar Strøm kom med sin andre roman Odel i fjor haust.

Sitat frå juryen i finalesendinga på NRK som deler ut prisen:

  • Magisk, brutal, følsam, flytande – juryen oppsummerer sine tanker i noen korte ord
  • På slutten av boka får eg jo lyst til å gå tilbake til start
  • Litt sånn meditativt, eller hypnotisk, å lese dette
  • Denne boken har levd i meg i mange uker
  • Ikke for sarte sjeler
  • Fylt med dyp symbolikk og dyp mening

Meir om boka: På garden Stein bur Olov og Inga med dei vaksne ungane Ommund og Odel. Ommund har hunden Bowie. Odel har dottera Liv. Men kven er far til Liv?

Det er haust, og dei velståande jegerane frå Austlandet har komme til garden for den årlege hjortejakta. Medan dei er ute i skogen, blir Bowie påkøyrd av ein bil, og like etter forsvinn Odel.

Liv har sine eigne måtar å finne svar på. I draumar får ho høve til å sjå Odel på nært hald, der ho kryssar det snødekte fjellet til hest i måneskin. Frå dei hemmelege romma sine - i hundekorga under kjøkkenbordet, i kråa på stua og framfor elden i kammerset om kvelden - lagar Liv forklaringar og historier.

Frå NRKs melding:

"Nifs, suggererande og gnistrande original...vilt og sanseleg frå bygda - for ein fascinerande og urovekkande roman!"

Anne Cathrine Straume

Dordi Strøm (f. 1971) er scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho er oppvaksen i Trøndelag og bur i Oslo. Ho debuterte i 2021 med romanen Flog. Odel er andre boka hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO