Gå videre til innhold

Pressemelding -

Dyrlege Anne Viken klar med ny hestebok

Anne Viken er klar med ny hestebok, Elise og mysteriet på hesteklinikken. Ho debuterte i 2012 med den første boka i serien om Elise, Elise og mysteriet med dei døde hestane. Anne Viken er sjølv dyrlege og har stor kunnskap om og kjærleik til dyr. Resultatet er ein nyskapande hestebokserie med stort driv.

Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle alvorleg trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etter kvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar.

Anne Viken er veterinær, statsvitar, bloggar og skribent. Ho debuterte i 2012 med Elise og mysteriet med dei døde hestane.

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.