Skip to main content

Elena Ferrantes nye roman rett inn på bestseljarlista

Pressemelding   •   sep 11, 2020 08:53 CEST

Foto: Jonathan Sosa/Eyeem/Getty Images

Elena Ferrantes nye roman Dei vaksnes løgnaktige liv gjekk rett inn på andreplass på bestseljarlista denne veka. Boka hadde verdslansering i 28 land samstundes 1. september. Boka gjekk også rett inn på andreplassen på NY Times bestseljarliste denne veka. 

Boka har fått formidable kritikkar både i Noreg og internasjonalt. Romanen er Ferrantes første etter den enorme suksessen Napoli-kvartetten som har selt 14 millionar verda over. I Noreg er det selt over 400 000 eksemplarer av Ferrantes bøker. 

Dei vaksnes løgnaktige liv er eit tett familiedrama om identitet, klasse og oppvekst, om seksualitet, utruskap og kunsten å balansere sanning og løgn. Kristin Sørsdal er omsetjar.

Ungjenta og einebarnet Giovanna får livet snudd på hovudet den dagen ho overhøyrer far sin, som ho elskar så høgt, seie at han synest ho er stygg. Denne vesle augneblinken er starten på den første av mange oppdagingar Giovanna gjer, som får grunnmuren i den trygge heimen til å smuldre. Foreldra er ikkje dei ho trur dei er, og ho lærer på den harde måten kva det vil seie å vere vaksen.

Elena Ferrante er ein av vår tids største forfattarar. Med Napoli-kvartetten gjekk ho tett på kvinners liv og vilkår i det 20. hundreåret og skildra vennskap på ein måte som manglar sidestykke i litteraturhistoria.

I Dei vaksnes løgnaktige liv held ho fram med å utforske kva det vil seie å vere menneske. Denne gongen er handlinga lagd til eit middelklassemiljø i Napoli i 1990-åra.

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Rettane til bøkene hennar er selde til 45 land. Ferrante er eit pseudonym. 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.