Gå videre til innhold
Elena Ferrantes «Mi briljante venninne» toppar vekas bestseljarliste

Pressemelding -

Elena Ferrantes «Mi briljante venninne» toppar vekas bestseljarliste

«Mi briljante venninne» er første band i Ferrantes mykje omtalte Napoli-kvartett som handlar om venninnene Elena og Lila,som veks opp i Napoli etter 2. verdskrig.

Romanen sel no meir i Norge enn bøkene til dei største krimforfattarane.

"Ferrantes Napoli-kvartett er moderne romankunst på sitt beste. At «Mi briljante venninne» ligg på salstoppen seier det meste om norske lesarar", seier administrerande direktør i Samlaget, Edmund Austigard.

Boka har no eit opplag på 25 000 eksemplar. Elena Ferrante er eit pseudonym og berre det italienske forlaget veit kven som skjuler seg bak namnet. Band II i Napoli-kvartetten, «Historia om det nye namnet»kjem på norsk i oktober.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO