Gå videre til innhold
Erna Osland aktuell med forteljingar om vennskap

Pressemelding -

Erna Osland aktuell med forteljingar om vennskap

Når to møter kvarandre, begynner ting å skje. Her er 14 forteljingar om nett det.

I Ta 100 steg og få ein venn møter Brage ei jente i djupet. Trond møter munnen til Maja-Mari. Mens Hanna møter Håvard utan å sjå han!

Vennskap kan oppstå på tvers av kjønn, alder og kulturelle skilnadar.

- Barns evne til å skape vennskap blir ikkje minst viktig for oss når vi, både barn og vaksne, skal møte dei nye som kjem til landet vårt i desse dagar. Ei ørllita forteljing om to som møter kvarandre for første gong og finn noko trygt og fint i fellesskapen, er kanskje ikkje så dumt nett no? Spør Osland seg.

Fleire av forteljingane er korte, andre er litt lengre. Men alle handlar om kor fint det er å få ein venn.

Ta 100 steg og få ein venn er illustrert av Torill Stranger.

Erna Osland (f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Ho har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009), og har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris.  

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO