Gå videre til innhold
Erna Osland med ny faktabok for barn; "Under ein stein. Ei bok om små dyr"

Pressemelding -

Erna Osland med ny faktabok for barn; "Under ein stein. Ei bok om små dyr"

I boka Under ein stein. Ei bok om små dyr skriv Erna Osland om dei små dyra som liker seg der det er mørkt og vått, og derfor gøymer dei seg under steinar. Her ligg dei stille og trur at ingen veit om dei: billene, edderkoppane og makkane.

Erna Osland har skrive ei faktabok for barn om virvellause småkryp som mellom anna spretthale, saksedyr, løpebille, skrukketroll, tusenbein, skolopender.

Boka er illustrert av Inger Lise Belsvik.

Erna Osland (f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne.

Osland er frå Høyanger i Sogn. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009).

Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris,  Nynorsk barnelitteraturpris og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO