Gå videre til innhold
Erna Osland om dyr som ikkje søv om natta

Pressemelding -

Erna Osland om dyr som ikkje søv om natta

Leikent og lærerikt om dyr som er vakne om natta!

VAKEN? er ei faktabok om nattaktive dyr. I kvart kapittel er det ei lita forteljing om kvar ein kan finne dei enkelte dyra. Kvifor er desse dyra vakne når vi andre søv? Får dei ikkje sove? Eller kan dei vere vakne samtidig som dei søv?

- Eg ville skrive ei godnattbok for barn og tenkte at det kunne vere fint om den handla om dei som ikkje skal legge seg, dei nattaktive dyra. Kva er gjer desse skapningane så trygge i mørket? Vi menneske blir jo så hjelpelause utan lys. Eg sluttar aldri å la meg fascinere over kor fint den minste skapning er utvikla for å greie seg, og nett det er jo ikkje så dumt å vite for den som sjølv er liten, seier Osland. 

Boka er illustrert av Anna Fiske.

Erna Osland (f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO