Gå videre til innhold
"Falle" av Rakel Solstad - Ny novellesamling

Pressemelding -

"Falle" av Rakel Solstad - Ny novellesamling

Falle av Rakel Solstad er ni noveller om det å miste; om ikkje å vite om ein sørgjer rett, om å erkjenne at ein ikkje sørgjer, om sjølv å ville følgje etter, om å hegne om sorga, om å sørgje ein levande, om forboden sorg.

Vi møter mellon anna mora som skal skru av respiratoren til den vaksne dottera si, sonen som har mista ei dominerande mor, dei vaksne brørne som har vakse frå kvarandre, kjærleik som ikkje er gjensidig og den unge mora som får høyre at ho ikkje klarer å ta hand om sitt eige barn.

-Boka handlar om det å gjennomleve tap, strategiar for å overleve og leve vidare, for eksempel ved  å bryte med sorga eller å kjempe for å halde på tapet som eit livsinnhold, som Rakel Solstad sjølv seier det.

Rakel Solstad (f. 1945) er fødd i Finnmark og bur i Trondheim. Ho debuterte med Men kva veit vi om barna (2013). Ho har arbeidd som lærar og har i mange år vore pedagogisk-psykologisk rådgivar. Falle er Rakel Solstads andre bok.

"Det er ei fin spennvidde i Solstads noveller, både når det gjeld tema og form, og ho viser fin innsikt i menneskesinnet."

Torborg Igland , Fædrelandsvennen

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO