Gå videre til innhold
Femårsjubileum for Herborg Kråkeviks Juleroser med bidrag frå Siri Hustvedt, Lars Saabye Christensen, Sumaya Jirde Ali m.fl.

Pressemelding -

Femårsjubileum for Herborg Kråkeviks Juleroser med bidrag frå Siri Hustvedt, Lars Saabye Christensen, Sumaya Jirde Ali m.fl.

Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. I år er det femårsjubileum for heftet. I tillegg vart Barnas Juleroser lansert i fjor og kjem no i si andre utgåve. Utgjevingane er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont.

Juleroser og Barnas Juleroser er litterære julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Kråkevik vil gi lesarane store kunstopplevingar til jul. I samband med femårsjubileet for nye Juleroser har vi lånt framsida frå Juleroser 1902. Å byggje bruer frå den tida til vår tid, og å vise fram samtidskunstnarane våre slik dei gamle redaksjonane gjorde det i si tid, er eitt av måla med Juleroser. Stjerna er årets julesymbol og har inspirert mange av bidragsytarane.

Årets to hefte har bidrag frå mellom andre Siri Hustvedt, Lars Saabye Christensen, Sumaya Jirde Ali, Tore Kvæven, Arve Tellefsen, Andreas Wahl, Maja Lunde, Iben Akerlie og Simon StrangerHefta er rikt illustrerte med bidrag frå dei beste biletkunstnarane, i år mellom andre Inger Sitter, Marianne Heske, Mari Kanstad Johnsen og Svein Bolling.

Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Heftet vart relansert i 2015. For Kråkevik er Juleroser noko som har vore med henne heile livet:

-Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las, verka nye og relevante, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroserog Barnas Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet.

Mandag 25.11 og tysdag 26.11. kan du oppleve fleire av bidragsytarane på lanseringasarrangement på Litteraturhusa i Bergen og Oslo. Billettar i sal no.

For avtale om intervju med Herborg Kråkevik eller bidragsytarar, ta kontakt med kommunikasjonssjef Karin Helgøy i Samlaget: Mobil: 9719865 karin.helgoy@samlaget.no

Pressekontakt i Egmont Tonje Tornes: tonje.tornes@egmont.com

Frå innhaldet:


JULESONGEN

LARS SAABYE CHRISTENSEN

MATHIAS EICK

Har saman laga den nye julesongen Gled deg.

UTVALDE FORFATTARAR

SIRI HUSTVEDT

Skriv varmt og ope om si norsk-amerikanske barndomsjul i Minnesota, og korleis rituala frå den gong framleis er viktige i hennar julefeiring.

MAJA LUNDE

Tar oss med på hyttetur når ho skriv nært og rørande om snøsmelting, snøkanonar og klimakrise.

TORE KVÆVEN

Har skrive ei mystisk og sterk novelle med driv i. Kven eller kva er det jenta rømmer frå?

SUMAYA JIRDE ALI

Har skrive eit nydeleg kjærleiksdikt frå Kairo.

ARVE TELLEFSEN opnar opp i samtale med ALFRED FIDJESTØL og fortel om sin barndom i fattige kår i ei anna tid, i eit anna liv.

SIGMUND LØVÅSEN

Gir oss ein tjuvstart på markeringa av 100-årsjubileet for Kjell Aukrust, den folkekjære kunstnaren og humoristen frå Alvdal.

UTVALDE KUNSTNARAR

KJELL AUKRUST

Juleroser er stolt over å vise fram fleire av måleria frå Aukrust si hand i årets hefte, ei meir ukjend side av kunstnaren.

SVEIN BOLLING

Bolling kjem stadig tilbake til stjernene i sitt arbeid. I årets Juleroser kan du sjå tre av verka hans; «Pulsar Noire», «Mesteren/fortelleren» og «Bollicelling».

SERGEI SVIATCHENKO

Nye Juleroser har altså femårsjubileum i år, og vi tillèt oss å leika litt med framsidene frå dei opphavlege hefta: dei vakre skattane som kom ut frå 1881 til 1944. Leiken går via blikket, hendene og saksa til Sergei Sviatchenko.

RANDI NYGÅRD

Nyttar ein teknikk kalla frottage-teikning. Kunstnaren legg eit tynt papir rett på bre-isen og dreg hendene innsmurde i kol over det. Ved å ta på isen gjennom papiret framkallar ho bilete av møtet mellom eigne strøk, strukturar i papiret og isen sine former. Eit møte mellom is og karbon oppstår, der spor etter dei store kreftene og rørslene i breen som har skura fram fjella, dalane og fjordane våre, kjem fram.

MARIANNE HESKE

Har skrive om barndomsminne frå Tafjord og bidrar med eit fotografi av huset framfor eit majestetisk fjell.

STÅLE BLÆSTERDALEN

Er ein kunstar Juleroserredaksjonen har hatt lyst til å vise fram. No fekk vi sjansen ved å la hans bilde illustrere Tore Kvæven sin tekst. Det eine bildet «Spranget» skulle ein tru var laga spesielt til novella.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO