Gå videre til innhold
Foto: Bodil Haga
Foto: Bodil Haga

Pressemelding -

Følg draumen - ny barnebok frå Anna R. Folkestad

I 2021 er det ti år sidan Anna R. Folkestad debuterte med barneboka Henrik And, og no er ho klar med sin tiande bok for barn, Fiskebolleboks-raketten!

I Fiskebolleboks-raketten møter vi Nils og faren. Dei er snart ferdige med det gigantiske byggeprosjektet sitt: å lage ein rakett av fiskebolleboksar. No er det berre få dagar att til den siste knappen kjem i posten, sjølvaste oppskytningsknappen. Då kan faren endeleg få reise rundt månen og oppfylle den store familiedraumen.
Og det blir vel veldig bra? spør Nils med eit bleikt smil rundt munnen. Ja, kjempebra, smiler faren attende. Men er ikkje stemma hans litt skjelven?

Fiskebolleboks-raketten er ei humoristisk og absurd forteljing om eit altfor stort byggeprosjekt. Men mest av alt handlar ho om den store kunsten det er å verkeleg snakke saman.

Boka er gjennomillustrert av forfattaren. Fiskebolleboks-raketten markerer eit nytt kapittel i Folkestad sitt forfattarskap, når ho nå har skrive ein roman for 6-9-åringar. Men hennar lekne og absurde stil er framleis til stade!

Anna R. Folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, og blei tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris i 2012 for Unni og Gunni reiser.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • 9788234005084 Fiskebolleboksraketten
    9788234005084 Fiskebolleboksraketten
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1535 x 2043, 682 KB
    Last ned