Gå videre til innhold

Pressemelding -

Frida Fliflet debuterer med novellesamlinga "Kan eg sjå på"

Fliflets debut handlar om å unngå blikk og å fanga blikk. Det handlar om Kaisa i det forferdeleg varme kostymet og den jævla svikaren Linnea, om å bli invadert i eit dansestudio, om Laura som IKKJE må kasta opp marsipankake utover bunaden, og om Edvard sin framande farfar. Det handlar om å slå nokon eller springa frå nokon og å vera ein idiotisk (idiotisk!!!) turist, og om slektslinjer og sitrande skam og dessutan om ein tjueåring med ei greie i magen som må fjernast NO.

Kan eg sjå på
er ei novellesamling om å sjå og bli sett, av seg sjølv eller andre, med lengsel og forakt.

Frida Fliflet (f. 1994) kjem frå Bergen. Ho har gått på forfattarstudiet i Tromsø og bidratt i Signaler (2023). Fliflet jobbar i musikkredaksjonen til Klassekampen. Kan eg sjå på er debutboka hennar.

Alle forfattarfoto av Amanda Iversen Orlich

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter