Gå videre til innhold
Fritt ords pris til Olaug Nilssen, Bjørn Hatterud og Jan Grue

Pressemelding -

Fritt ords pris til Olaug Nilssen, Bjørn Hatterud og Jan Grue

Stiftelsen Fritt Ords Pris 2021 går til forfattarane  Bjørn Hatterud, Olaug Nilssen og Jan Grue for deira sterke og kritiske bidrag til å setje lys på samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemma i Noreg.

Prisen er på 500 000 og vert delt på dei tre vinnarane. 

Frå grunngjevinga: "Jan Grue, Bjørn Hatterud og Olaug Nilssen løfter frem sine egne historier og erfaringer som funksjonshemmede (Grue og Hatterud) eller pårørende (Nilssen). Gjennom debattskapende innlegg og litteratur av høy kvalitet fremhever de tre hvilket samfunnsproblem lave forventninger og svak ytringskultur for funksjonshemmede faktisk er."

Olaug Nilssen og Bjørn Hatterud er begge  forfattarar på Samlaget. 

Olaug Nilssens roman Tung tids tale (2017) traff lesarane med si unike og sterke forteljing om å vere mor til eit funksjonshemma barn. Forteljinga i Yt etter evne, få etter behov er ei forlenging av tematikken i Tung tids tale: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?

Bjørn Hatterud fekk mykje merksemd for debutboka Mot normalt (2018), om å vekse opp i Brumunddal som homofil og funksjonshemma. I 2020 kom Mjøsa rundt med mors om som følgjer opp mykje at den same tematikken; funksjonshemming, utanforskap, tilhøyrsle og klassereise. Hatterud fekk Kritikerprisen for boka. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO