Gå videre til innhold
Gerald Murnanes klassikar "Slettene" endeleg på norsk, omsett av Jon Fosse

Pressemelding -

Gerald Murnanes klassikar "Slettene" endeleg på norsk, omsett av Jon Fosse

Australske Gerald Murnane (f. 1939) debuterte i 1974 og er mest kjend for romanen Slettene frå 1982 som no kjem på norsk omsett av Jon fosse. Murnane var i mange år ein løyndom blant litteraturkjennarar, men blir i dag sett på som ein av vår tids store forfattarar. Han har i fleire år vorte nemnd i samband med nobelprisen i litteratur. Slettene er den fyrste boka av Murnane på norsk.

Fosse har lenge ivra for at Murnane skulle kome ut i norsk språkdrak, og seier dette om Slettene:

-Å møte ei litterær røyst som verkeleg snakkar til deg, er sjeldan. Det er som ein ny venskap. Det hender ikkje så ofte.

Slettene ei underleg historie om eit alternativt Australia folkesett av velståande og lærde. Dei bur på staselege eigedomar og tek seg av kunstnarar, forfattarar og filosofar. Hovudpersonen er ein ambisiøs filmskapar. Han reiser til det indre Australia i håp om å fanga sjølve essensen av innlandet og seia noko om forholdet mellom innbyggjarane og landskapet. Slettene skildrar livet til innbyggjarane og deira uvanlege levevis. Det er ein gåtefull klassikar om eit alternativt Australia.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • GeraldMurnane-credit-Ian Hill.jpg
    GeraldMurnane-credit-Ian Hill.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1000 x 1185, 57.4 KB
    Last ned
  • Murnane- Slettene. Omsl.jpg
    Murnane- Slettene. Omsl.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1583 x 2480, 1.21 MB
    Last ned
  • omslag og forfattar-2.png
    omslag og forfattar-2.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 1.67 MB
    Last ned