Gå videre til innhold
Gunnar Danbolt aktuell med bok om den norske kontemporære kunsten

Pressemelding -

Gunnar Danbolt aktuell med bok om den norske kontemporære kunsten

Gunnar Danbolt er aktuell med ny bok om den norske kontemporære kunsten, Frå modernisme til det kontemporære. Tendensar i norsk samtidskunst etter 1990. Danbolt er kjent for det norske folk gjennom det populære radioprogrammet Kunstreisen. Lansering på Nasjonalgalleriet 4. mars kl 17. Danbolt i samtale med Alf van der Hagen.

I boka gir han oversikt over trendar og utviklingstrekk i den norske kunstverda dei siste tjue åra. Den nye kunsten etter 1990 blir ikkje lenger kalla moderne eller postmoderne, men contemporary eller kontemporær. Dette er blitt eit nytt internasjonalt uttrykk for tendensar i kunsten dei siste tjue åra, men kva det inneber, er ikkje eintydig, og det er det forfattaren vil utforske. Trendane blir presenterte og drøfta gjennom kunstnarar og deira verk, og sett inn i ein kunstteoretisk kontekst. Boka er rikt illustrert.

Gunnar Danbolt (f. 1940) er professor emeritus i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Han har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunsthistorie og er ein ettertrakta formidlar i fleire fora.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO