Pressemelding -
Halvor Folgerøs bok "Ferjefolket" tek lesarane med storm
Halvor Folgerøs nye bok Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø kom ut i oktober, og nådde denne veka andreplass på bestseljarlista. Folgerø har samla spennande historier om folkelivet på ferjene langs heile kysten. Du får møte sjåføren frå Vinmonopolet som mista lastebilen med polvarer til ein million kroner på sjøen da han gløymde å setja på handbrekken – så folk stimla rundt ferja for å fiske etter brennevinsvarer. Her er historier om fødsel, fest og forlis – og eit overraskingsbryllaup på ferja. Gjennom slike episodar løftar Ferjefolket fram ein del av den vestlandske kulturarven som enno lever langs kysten
Dei siste 50 åra har 111 ferjesamband blitt lagde ned eller flytta her i landet, nær halvparten av dei på Vestlandet. Nostalgikarane blir blanke i auga, andre jublar når dei ser ein nedlagd ferjekai. Ferjene set sterke kjensler i sving. Og dei er komne for å bli, i alle fall ei stund til. Forteljinga om ferjene utgjer ein viktig del av historia om Noreg, og ikkje minst om dei norske utkantane.
Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Han har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl og samtaleboka Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland. Særleg suksess har han hatt med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.