Gå videre til innhold
Foto: Benedikte Skarvik
Foto: Benedikte Skarvik

Pressemelding -

Harald Nortun er årets vinnar av Nynorsk barneboklitteraturpris

Harald Nortun mottar Nynorsk barnelitteraturpris 2020 for Spådama i 7B, ei bok om kor langt ein er villig til å gå for å få venner og passe inn i miljøet.

Juryen skriv i grunngjevinga: “Boka er realistisk og truverdig om korleis ei tilfeldig hending kan få store konsekvensar og føre til vanskar og forviklingar. Det er ei god blanding av humor og alvor om eit emne som ikkje så ofte blir behandla i bøker for barn og ungdom. Ein ser kor lett det er både for barn og vaksne å bli lurt når spådommar stemmer. Boka set tankane i sving rundt temaet overnaturlege evner og er ei bok som lesaren har med seg vidare.”

Prisen vorte delt ut av Noregs Mållag under Festspela, og prisvinnaren fekk eit diplom og 30.000 kroner.

Same veke som Nortun fekk Nynorsk barnelitteraturpris, vart det òg kjend at Spådama i 7B er nominert til Barnas bokpris og Bokslukerprisen. Forfattarkollega Atle Hansen er òg nominert til sistnemnde pris for Eg har venta på deg.

Vi ynskjer Harald Nortun og Atle Hansen til lykke med prisen og nominasjonane.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • 9788234002618_Nortun_Spådama i 7B-R.jpg
    9788234002618_Nortun_Spådama i 7B-R.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1512 x 2421, 2.01 MB
    Last ned
  • Hansen, Atle, 2015 @ Marius Knutsen.jpg
    Hansen, Atle, 2015 @ Marius Knutsen.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2868 x 3441, 1.15 MB
    Last ned
  • 9788234002663 Eg har venta på deg Framside R.jpg
    9788234002663 Eg har venta på deg Framside R.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1491 x 2489, 659 KB
    Last ned