Pressemelding -
Harald Nortun er aktuell med spenningsromanen Kode 6
Kasper har aldri hatt ein bestevenn. Så startar Stian i klassen. Stian har hemmeleg nummer og vil ikkje bli fotografert. Kva er det han skjuler?
Kasper og Stian bur i ei lita bygd langt mot nord. Alle kjenner alle, og rykta går fort. Når Kasper får vite hemmelegheita til Stian, må han halde kjeft og lyge for å beskytte vennen sin. Men å skilje mellom venn og fiende kan vere verre enn du trur.
Kode 6. Ingen må vite kven du er ei underhaldande spenningshistorie, men òg ei forteljing om korleis eit liv på flukt i Noreg kan vere i dag og om kor vanskeleg det er å halde identiteten din skjult i ei tid kor mykje av livet skjer på Snapchat, TikTok og Instagram. Men ikkje minst handlar Kode 6 om ekte vennskap.
Kode 6 er ei tidlegare nemning på “strengt fortruleg adresse”, og er eitt av dei mest inngripande sikkerheitstiltaka som finst i Noreg. I nokre tilfelle får personane ny identitet, med nytt namn og personnummer. Korleis er det for eit barn som må leve under Kode 6?
Harald Nortun (f.1972) debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2019 blei barneromamen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. I 2020 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for Spådama i 7B. For den siste boka si Skallen (2021) var han også superfinalist i Bokslukerprisen.
Emner
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.