Gå videre til innhold
He-he! Ei bok om den livsviktige latteren

Pressemelding -

He-he! Ei bok om den livsviktige latteren

Barn ler 300–400 gonger for dagen. Vaksne berre 10–15 gonger. Mange dyr ler også! Kvifor ler barn så mykje meir enn vaksne?

- Barn bruker latteren til å skape kontakt og relasjoner seg imellom. Gjennom latteren får dei venner, skaper tryggleik og kjem seg unna kinkige situasjoner, seier Erna Osland. Ho har verkeleg latt seg fascinere av latteren i denne boka.  

For kan latter gi oss venner? Blir vi snille av å le? Eller friske? Og er det mogleg å le seg i hel? Dette er nokre av dei mange spørsmåla du finn svar på i boka He-he. Det handlar om kor skummel latteren kan vere, men mest av alt kor godt og viktig det er å kunne le.

Boka er illustrert av Per Ragnar Møkleby.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

  • He-he!
    He-he!
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2480 x 2480, 2.08 MB
  • Erna Osland
    Erna Osland
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2000 x 3008, 1.68 MB