Gå videre til innhold
Ny biografi om "Hestehandlaren" Kjell Opseth

Pressemelding -

Ny biografi om "Hestehandlaren" Kjell Opseth

Dag Nestegard er aktuell med ein ny biografi om Kjell Opseth. Lansering 5.10. 

Samferdselsminister Kjell Opseth (f. 1936) var mannen som etter fleire tiår med prat fekk Stortinget til å vedta ein flyplass på Gardermoen med eit toppmoderne flytog på den første høgfartsbanen her i landet. Det var også han som etter ein hestehandel med SV fekk bygd den lengste vegtunnelen i verda på 24 kilometer gjennom Sogn.

- Kjell Opseth er tidenes samferdselsminister, seier Dag Nestegard. Forfattaren meiner at vi må heilt attende til 1800 talet og Frederik Stang for å finne ein minister av hans kaliber. 

-  I 1854 fekk Stang bygd Skandinavias første jernbane som gjekk frå Christiania til Eidsvoll. 140 år seinare bygde Kjell Opseth landets første høgfartsbane på den same strekninga, linja vi i dag kjenner som Flytoget. Seks år gjekk det frå vedtaket i Stortinget, og til kong Harald kunne klippe snora på Gardermoen 8. oktober 1998. Eit slikt løp er rekord i norsk samanheng, held Nestegard fram. 

Hestehandlaren er historia om ein effektiv og viljesterk pragmatikar med svak ideologisk kjerne. Den markante og handlekraftige statsråden stod for oppmjuking av luftfartsmonopolet og gav Norwegian luft under vengene. Han var også den slue strategen som la grunnlaget for Telenors eventyrlege vekst. Kraftsosialisten og næringspolitikaren var statsråd i Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jaglands regjeringar i til saman sju år, og var stortingsrepresentant i fem periodar frå 1981 til 2001.

Boka har lanseringsdato 5.oktober. Sperrefristen på stoffet er sett til same dato. 

Dag H. Nestegard (f. 1968) er frå Svelgen i Sogn og Fjordane. Han har vore reporter i Dagsrevyen og presserådgivar i Samferdselsdepartementet. No arbeider han sentralt i Jernbaneverket med den nye jernbanereforma regjeringa gjennomfører. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO