Pressemelding -
Hilde Myklebust diktar fram livet til sin eigen oldefar i den nye boka "Kvit stig morgon skir"
I den nye boka Kvit stig morgon skir diktar Hilde Myklebust fram livet til sin eigen oldefar med ein sterk nærleik til naturen og alt levande.
Aron vert fødd 18. oktober 1877 og veks opp i tronge kår på Sunnmørs-kysten. Livet og dauden er tett på familien ved fjorden, dei mister ein veslebror og snart endå ein. Aron tek hyre til sjøs 20 år gammal og mønstrar på skipet Undine av Haugesund. Fyrstereisa endar i tragedie: I storm går skipet på grunn utanfor Portugal, og berre halve mannskapet bergar seg.
Diktsamlinga fortel om eit liv ved og på sjøen, i ei tid då menneska stod nærare naturen og var avhengige av det fjorden og markene gav. Samspelet gjorde det mogleg å leve, men alltid på nåde.
Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005,. Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande.
Lansering 22.8. på Fiskå brygge: https://www.facebook.com/event...
Forfattarportrett: Helle Frogner
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.