Gå videre til innhold
Hilde Myklebust er nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Splintra

Pressemelding -

Hilde Myklebust er nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Splintra

Hilde Myklebust er nominert til Brageprisen 2022 i klassen for barne- og ungdomslitteratur for romanen Splintra. Splintra er ein rik roman om vennskap, og om korleis det er mogleg å vere både lukkeleg og full av sorg når noko veldig fint og noko veldig vondt hender på same tid.

Juryen skriv i grunngivinga: “Hilde Myklebust skriver virkelighetsnært, realistisk og med stor innsikt i ungdommenes liv. Hun fremkaller lys levende karakterer, gjenkjennelige situasjoner og sterke følelser, og hun skildrer vennegjengen med innlevelse og forståelse. Dialogene er presise, og språket finstemt og nyansert og følger Mias stemningsskifter tett, både når følelsene er små, når de er store og når de river i henne og drar henne i ulike retninger samtidig. Men språket er også detaljrikt og poetisk, med sansninger og meningsutvidelser som bidrar til å gi fortellingen og de dramatiske hendelsene en allmenn karakter. Derfor er Splintra en gripende ungdomsroman som det er lett å leve seg inn i, lett å lese og lett å like.”

Dette er Myklebust sin første roman for ungdom, ho har tidlegare skrive poesi for vaksne og fleire bøker for barn.

Nyleg vart Splintra seld til utlandet, og det nord-makedonske forlaget Banta Press har sikra seg rettane til romanen på makedonsk.

Hilde Myklebust (f.1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005. Ho har også gitt ut fleire bøker for barn, sist Ylva og villgeitene (2020), illustrert av Akin Duzakin.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO