Gå videre til innhold
Foto: Eirik Amundsen
Foto: Eirik Amundsen

Pressemelding -

Hildegunn Dale er klar med lyrikksamlinga "Huset jorda i vatn"

Hildegunn Dale er klar med si åttande diktsamling, Huset jorda i vatn, som er eit forsøk på å skrive eit hus før det blir selt og overteke av nokon andre.

Om boka:

Eg blir skild og må flytte frå huset ho er så glad i, til ein mellombels heim, ei rorbu på ei øy lenger ut i havgapet. Der må ho venne seg til eit nytt landskap, til å vere aleine i naturen som omgjev henne.

Kan huset ho forlet, likevel bli ståande i hennar bilde? Slik berga står i vatnet, opp ned som spegelbilde. Eller slik refleksar av bølgjer blir kasta opp på murveggen i sol, og dannar eit mønster av lys. Slik inne verkar saman med ute, slik utsynet opnar romma i huset og fugleskrika ber gjennom dei, slik naustet er inngangen til fjorden.


Frå boka:

Lyset over den raude naustveggen liknar
flammar og røyk

Eg kviler i kajakken, nær punktet der havet tek fyr

Ber om ein elskar å gå over øya med
om å få tilbake

den lysande lina der hav møter himmel, som ein stige
ein dis, å segle inn i

bak hendingane

Hildegunn Dale (f. 1974) er forfattar og redaktør. Dale kjem frå Modalen og bur på Misje. I fleire år var ho ein markant diktar i Bergens poetiske undergrunn før den etterlengta debuten i 2003 med diktsamlinga Solkant, som er både stilfull, sterk og språksikker. I 2004 følgde ho opp med Elvedraumar, ei samling dikt der det konkrete i større grad enn i førsteboka blandar seg med det abstrakte. I Sea, say and see (2006) viser Dale nok ein gong ei forbløffande evne til å konstruere og levandegjere landskap og omgjevnader i dikta sine – og slik setje lesaren inn i opne og sansbare rom og stemningar. Huset jorda i vatn er den åttande diktsamlinga hennar.


Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Dale, Hildegunn (c) Eirik Meyer Amundsen 2019 BRUK DETTE
    Dale, Hildegunn (c) Eirik Meyer Amundsen 2019 BRUK DETTE
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5760 x 3840, 11.7 MB
    Last ned
  • 9788234013843 Huset jorda i vatn Framside C.jpg
    9788234013843 Huset jorda i vatn Framside C.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1798 x 2670, 2.36 MB
    Last ned