Gå videre til innhold
"I kreft og kjærleik" - Gripande og innsiktsfull bok om alvorleg sjukdom

Pressemelding -

"I kreft og kjærleik" - Gripande og innsiktsfull bok om alvorleg sjukdom

To menneske har nylig funne kvarandre, i godt vaksen alder. Jostein Nerbøvik og Ellen Kristvik står i startgropa til eit liv i lag då den inngripande meldinga slår inn i liva deira: Kreften hans har spreidd seg frå den mørke føflekken som for lengst er fjerna.

I kreft og kjærleik. Ettertankar av Ellen Kristvik er ei bok om ein spesiell mann og ei konkret kjærleikshistorie. Men ho er skrive i ei overtyding om at utfordringane dette paret stod i, peikar langt utover dette eine tilfellet, og gjeld noko som er heilt allment.

Historikaren Jostein Nerbøvik vart kreftsjuk, men slutta ikkje å arbeide for det. Boka handlar om spenninga mellom det å vere pasient med ein alvorleg diagnose, og det å vere aktivt og levande til stades til siste slutt.  Det er også ei forteljing om forventningar til det helsevesenet kan tilby og håpet om nye sjansar, og motstanden mot den krevjande pasientrolla, som kan kome til å dominere livet og skugge for alt det ein elles er.

Ho som stod han nærast. Ellen Kristvik, sjukepleiar og antropolog, fekk også livet sitt endevendt. Etter at Jostein døydde, skreiv ho forteljinga om den krevjande sjukdomstida og det å vere nærmaste pårørande til ein som er alvorleg sjuk. Det handlar om stort ansvar, mange former for balansegang, og ein utydeleg posisjon som pårørande i forhold til helsevesenet. Det siste forskingsprosjektet hennar handla om helsetenesta sitt møte med alvorleg sjuke kreftpasientar, noko ho tidlegare også har jobba med som sjukepleiar. 

Ellen Kristvik (f. 1955) er forskar på Avdeling for helsetenesteforskning på Akershus Universitetssjukehus. Ho er antropolog og har òg bakgrunn som sjukepleiar.




Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO