Gå videre til innhold
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Pressemelding -

Ida Hove Solberg debuterer med lyrikksamlinga "Var det grønt"; ei oppløysingssoge, ein sørgesong og ein protest

Kven skal gråte for den siste haren?

I Var det grønt har Hove Solberg skrive ei oppløysingssoge, ein sørgesong og ein protest, som spring ut av ein klar augeblink i ei elles mørklagd verd. I den stunda da tilværet tar slutt, grip dikta etter det som var, glimt frå ein morgon ved frukostbordet, lydane frå ein radio, ein platespelar eller ein trikk, ei gryande kjensle av at noko er i endring: minne som er i ferd med å forvitre saman med elgen og haren, med eksistensen og ordet.

vil hugse
men
den eine lukta
solvarm stein
er eitt
med den eine smaken
sandkorn
det eine minnet
skrifta i greinene
er eitt
med det eine håpet
var det grønt

Ida Hove Solberg (f. 1987) kjem frå Leksvik og bur i Oslo. Hen har i samarbeid med Sindre Andersen gjendikta Athena Farrokhzad og Svetlana Cârsteans Trado (H//O//F 2021) og Terrance Hayes’ Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar (Samlaget 2022) i samarbeid med Sofia Knudsen Estifanos. Var det grønt er debutboka hens.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Solberg, Ida Hove (c) Signe Luksengard 2023_BRUK DETTE
    Solberg, Ida Hove (c) Signe Luksengard 2023_BRUK DETTE
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5504 x 8256, 4.52 MB
    Last ned
  • 9788234000966 Var det gront Framside C
    9788234000966 Var det gront Framside C
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1569 x 2461, 2.83 MB
    Last ned