Gå videre til innhold
Ingvild Holvik aktuell med "Premien for alt"

Pressemelding -

Ingvild Holvik aktuell med "Premien for alt"

Skarpt om alderdom og verdigheit

Mali Fredrikke Sjursen er 79 år gammal. Til no har ho budd heime, men då helsa skrantar, kjem ho på avlastning på sjukeheimen. Der byrjar ho å gruble over tilfeldigheitene som styrer eit liv, det som blir noko av, det som ikkje blir noko av, og alt som blir halde skjult. Kan Mali bli forsona med sonen Thomas, det einaste barnet ho fekk? Kva med den avdøde søstera Jenny, som er den einaste grunnen til at ho sjølv blei fødd?

Med eit presist språk og tette, morosame dialogar viser Holvik korleis livet kan arte seg mot slutten, når ein tenkjer skarpt og klart, men likevel er heilt avhengig av andre for å halde det gåande. Det handlar om alt ein brenn inne med og alt ein skyv frå seg, heilt til det siste.

Ingvild Holvik (f. 1976) er ein norsk forfattar og omsetjar. Ho har gått på forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø, og arbeider no som konsulent i Norsk Forfattersentrum i Nord-Norge. Ho debuterte med romanen "Lykkefeltet" i 2010. For denne romanen fekk ho Blix-prisen i 2011. 

Sagt om "Lykkefeltet": 

"Vel verd å merke seg ... Skarpt og godt skrevet ... At Lykkefeltet langt fra kjennes ferdiglest når siste punktum er nådd, er også et umiskjennelig tegn på kvalitet."

Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten

Terning 5 "Språksikker, sterk roman."

Bladet Tromsø

"Sterk debut ... «Lykkefeltet» gir den type innsikt bare virkelig god litteratur kan gi ... Mest imponerende med Ingvild Holviks debutroman er presisjonen i språket. Hvert ord virker velplassert innenfor en tett, trist og fin handling ... Romanen gnistrer, som et faresignal på en høyspentmast."

Tom Egil Hverven, Klassekampen

"Dette er en debutant med en distinkt fortellerstemme ... Selvsikker og morsom ... Holvik fremstår som en særdeles trygg forteller ... en lovende skjønnlitterær debut."

Maya Troberg Djuve, Dagbladet


Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO