Pressemelding -
Ingvild Holvik klar med romanen "Reiret (arbeidstittel)"
I romanen Reiret (arbeidstittel) av ingvild Holvik møter vi Gry gjennom dagboknotat og hennar skjønnlitterære forsøk i søknadsteksten til forfattarstudiet. Det er ein roman om oppvekst og bustad og om korleis kristen forkynning kan prege eit barn.
Gry jobbar i kantine, men har ein draum om å komme inn på Forfattarstudiet i Tromsø. Målet er å skrive noko meir meiningsfullt enn dagboknotat frå eit uforløyst liv. Og då ho reiser heim til Bergen i gravferda til farmora, tar minne frå oppveksten overhand. Dei sildrar inn i både søknadsteksten og dagboknotata. Saman med søstera blei ho send på kristne sommarleirar, ho hadde ei stor frykt for Satan, og som vaksen kjenner ho sterk ambivalens i møte med alt av kristendom. Så kva skal ho gjere med at han ho er gift med no, ber kveldsbøn med barna deira? Sa ikkje han at tru var noko personleg, noko ho ikkje trong å bekymre seg for? Og har ho kanskje tatt feil av Satan?
Ingvild Holvik (f. 1976) debuterte i 2010 til strålande kritikkar med romanen Lykkefeltet, og har følgt opp med ein stilsikker og gripande forfattarskap, med romanane Premien for alt (2017) og Ho er fri (2020). Ho har omsett Maren Uthaugs bøker til norsk, og blei nominert til Brageprisen for omsetjinga si av ungarske Attila Bartis. Holvik er frå Bergen og bur i Tromsø.
Sagt om Holviks romaner:
"Sterk debut ... «Lykkefeltet» gir den type innsikt bare virkelig god litteratur kan gi ... Mest imponerende med Ingvild Holviks debutroman er presisjonen i språket. Hvert ord virker velplassert innenfor en tett, trist og fin handling ... Romanen gnistrer, som et faresignal på en høyspentmast."
Jonas Bals, Klassekampen
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.