Gå videre til innhold
Foto: Gry Traaen
Foto: Gry Traaen

Pressemelding -

Ingvill Kjærstein debuterer med romanen "Austvestpassasjen"

Ei ung kvinne arbeider som engelsklærar i Kyoto. Ho bur i ei skrøpeleg leiligheit og held seg mest for seg sjølv. Dei stadige blikka og spørsmåla ho får, minner ho på at ho ikkje høyrer heime i landet, sjølv om ho har budd der i fem år og snakkar språket godt. Ein sein januarkveld ringer det på døra, men det er ingen der. Då det skjer igjen, byrjar tankane å spinne, og tryggleiken ho har bygd opp, tek til å krakelere. Etter kvart som menneske, naturkrefter og uforklarlege fenomen forstyrrar isolasjonen hennar, får ho stadig større problem med å halde omverda på avstand.

«Austvestpassasjen» er ein roman om frykt, språk, einsemd og tiltru. Om å gje seg over til ein annan kultur og framande menneske. Om daglege trugsmål som får naturkreftene til å bleikne.

Frå boka:
«Ein gong hadde eg høyrt eit kvinneskrik
i korridoren på eit love hotel. Lyden kom frå eit av romma. Ho blir drepen, hadde eg tenkt. Det var ingen tvil. Vi må redde ho, nesten ropte eg til Ayame, men ho lo berre. Hjelp er det siste ho treng, flirte ho og låste opp døra til rommet vårt. Men tanken på skriket sleppte ikkje taket, sjølv ikkje då vi låg med kvarandre.»


Ingvill Kjærstein (f. 1993) er omsetjar og redaktør i tidsskriftet Fett. Ho kjem frå Sykkylven i Møre og Romsdal. Austvestpassasjen er den fyrste romanen hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO