Gå videre til innhold
Jan Inge Sørbø aktuell med "Til trøyst -å gje språk til psykiske kriser"

Pressemelding -

Jan Inge Sørbø aktuell med "Til trøyst -å gje språk til psykiske kriser"

Kor går skiljet mellom frisk og sjuk, galen og normal? Jan Inge Sørbø er aktuell med ei ny bok om psykisk sjukdom i litteraturen. Medisinen har ikkje eit godt nok språk for dei kjenslene og erfaringane folk får ved psykiske sjukdommar og plager. Jan Inge Sørbø viser at det er litteraturen som er den store og romslege kjelda til slik innsikt og forståing. Dette kan ikkje erstatta diagnosesystema og fagkunnskapen, men litteraturen kan supplera og stundom korrigera dette.

Det skarpe skiljet mellom frisk og sjuk, galen og normal, er gjerne mindre viktig i skjønnlitteraturen. Vi møter ofte innsiktsfulle og kloke røyster som har erfaringar på begge sider av slike skilje. For den som
sjølv kjempar med slike vanskar, kan det liggja både gjenkjenning og trøyst i gode romanar og dikt.

Sørbø gir døme frå bøker av m.a. Beate Grimsrud, Olav H. Hauge, Karin Fossum, Arne Garborg, Alfred Hauge, Gunvor Hofmo, Göran Tunström og Lars Amund Vaage.

Lanseringsdato 26.9.

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO