Gå videre til innhold
Foto: Kolon forlag
Foto: Kolon forlag

Pressemelding -

Jan Roar Leikvolls minnepris til Kjersti Rorgemoen

Jan Roar Lekovolls minnepris går i år til Kjersti Rorgemoen. Prisen er på 50 000,-

Frå juryens grunngjeving: Dette er ein forfattarskap som utmerkjer seg ved språkleg finesse, evne til å syne samanhengar der ingen ser ut til å finnast, og vilje til å sjå kvar ein situasjon frå alle andre synsvinklar enn den opplagde. Bøkene er stramme og presise, ville og fabulerande, komiske og alvorlege, absurde og djupt verkelege. Dei skildrar tilværets meiningsløyse på eit vis som gjer det meiningsfylt. Så ulike dei enn kan synast, både i emne og form, er dette eit grunntrekk forfattarskapen har til felles med Jan Roar Leikvolls eigen.

Jan Roar Leikvolls minnepris er eit samarbeid mellom familien til Jan Roar Leikvoll og Det Norske Samlaget. Prisen blir delt ut årleg, i utgangspunktet i tre år, og er på kr 50 000. Han går til ein nynorsk, skjønnlitterær forfattarskap av høg kvalitet og originalitet. Forfattaren må ha debutert etter 2005 og kan maksimalt ha gitt ut fire titlar.

Jan Roar Leikvoll publiserte i løpet av seks år fire romanar som viste ein forfattar som ikkje var redd for å gå sine eigne vegar. Bøkene hans utgjer ein unik forfattarskap i norsk samtidslitteratur. Denne prisen er meint å støtte forfattarar som tidleg i forfattarskapen viser sjølvstende og litterært mot.

Prisen blei utdelt for første gong i fjor, og gjekk då til Lars Petter Sveen. Juryen har, då som no, bestått av forlagssjef Håkon Kolmannskog, forfattar Nils Henrik Smith og forlagsredaktør David Aasen.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO