Gå videre til innhold
Jeswanthiny Mayooran aktuell med boka "Aldri god nok"

Pressemelding -

Jeswanthiny Mayooran aktuell med boka "Aldri god nok"

I den nye boka Aldri god nok skriv Jeswanthiny Mayooran ærleg om eigne ønske og krava frå foreldra.

Mayooran er overlege og spesialist i psykiatri ved Stavanger universitetssjukehus. I Aldri god nok tek ho oss med inn i ei verd der ambisjonar og forventningar frå foreldre formar livet til borna. For mange innvandrarar står legeyrket høgt på ønskelista, men kva skjer når draumen ikkje er borna sin eigen? Jeswanthiny gav etter for presset og valde medisinstudiet, trass i manglande interesse. I dag er ho overlege i psykiatri. Kva har dette valet eigentleg kosta henne? Gjennom personlege skildringar reflekterer ho over forholdet til foreldra og byr på eit ærleg innblikk i den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav. Dette er ei bok som vil treffe mange, både dei som har kjent på presset, og dei som ønskjer å forstå kva som ligg bak.

I 2022 fekk Mayooran Formidlingsprisen for framifrå formidling om identitet, kulturell bakgrunn og psykisk helse over fleire år.

Lansering på Litteraturhuset i Stavanger 22.6. kl 14:

https://www.facebook.com/event...

Aldri god nok er siste bok ut i vårens utgivingsrekke med Norsk røyndom-bøker.

I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Bøkene gir eit unikt innblikk i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk.

JESWANTHINY MAYOORAN (f. 1990) er overlege og spesialist i psykiatri ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). Aldri god nok er hennar første bok.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • omslag og forfattar-1 (9).png
    omslag og forfattar-1 (9).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.32 MB
    Last ned