Gå videre til innhold
Jørn Øyrehagen Sunde med ny bok om den klassedelte rettstaten; "Har eg rettstryggleik?"

Pressemelding -

Jørn Øyrehagen Sunde med ny bok om den klassedelte rettstaten; "Har eg rettstryggleik?"

I den nye boka Har eg rettstryggleik? Om den klassedelte rettsstaten og illiberale demokrati skriv jusprofessor Jørn Øyrehagen Sunde at det er noko gale med den norske rettsstaten. Alt er ikkje gale – det er noko som er gale. Dette noko er tilgangen til konfliktløysing, og då særleg at det er så kostbart å føra sak for domstolane at berre dei ressurssterke har råd til det.

Den klassedelte rettsstaten er eit rettstryggleiksproblem for dei som ikkje har ressursar til å forsvara sine rettar gjennom domstolssystemet. Det er eit demokratiproblem fordi det ikkje er lova, men politisk, økonomisk, sosial og kulturell makt som avgjer kva rettar innbyggjarane har.

Boka kan lesast som eit krav om å styrka rettsstaten ved å gjera lov og rett tilgjengeleg for andre enn dei mest ressurssterke. Gjer ikkje staten det, veks det fram eit krav om reforhandling av heile samfunnskontrakten. Dette er eit viktig element ved framveksten av illiberale demokrati i Russland, Ungarn, Tyrkia og USA.

Det er altså mykje som står på spel. hevdar Øyrehagen Sunde.

Boka er ein del av debattserien NORSK RØYNDOM – sterke historier med tema som gjeld oss alle.


Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo og er tildelt både Meltzer-prisen for framifrå formidling og Sarton-medalje for framifrå forsking. Han har skrive ei rad bøker, seinast Kongen, lov og landet (2023) og 1000 år med norsk rettshistorie (2023).

Forfattarportrett: Eivind Senneset

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • omslag og forfattar-1 (2).png
    omslag og forfattar-1 (2).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 3.09 MB
    Last ned
  • Front til katalog Sunde.jpeg
    Front til katalog Sunde.jpeg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3450 x 5550, 434 KB
    Last ned
  • jsunde20 (c) Eivind Senneset.JPG
    jsunde20 (c) Eivind Senneset.JPG
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5464 x 8192, 15.6 MB
    Last ned