Gå videre til innhold

Pressemelding -

Jon Fosse, Agnes Ravatn, Lothepus, Maria Parr, Patti Smith med fleire er klare med bøker på Samlaget denne hausten

Jon Fosse er klar med sin første roman etter Nobelprisen og 5. september kjem Vaim. Boka vert lansert på opningsdagen for Den internasjonale Fossefestivalen som Samlaget arrangerer saman med Det Norske Teatret.

Maria Parr kjem med ei ny bok i serien om Oskar og Ida. Oskar og eg. Alle tinga vi har kjem 8. august. 15. august kjem første bok ut i Ryer-serien, Stille grender. Martin Baldysz skriv historisk krim der søskenparet Ryer løyser krimgåter på Sunnmøre.

Frida Fliflet debuterer med den novellesamlinga Kan eg sjå på? På sakprosalista finn ein Patti Smith med oppfølgjar til suksessboka Just Kids, Anne Gunn Halvorsen , Lothepus, Oddgeir Bruaset, Alf Kjetil Walgermo, og sørpolfarar Karen Kyllesø med fleire.

Her er oversikt over alle haustens titlar på Samlaget, med lanseringsdatoar:

https://samlaget.no/collection...

Forfattarportrett: Marius Viken, Agnete Brun, Jesse Dittmar, Julia Marie Nagelstad.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter