Gå videre til innhold
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur

English version below.

Jon Fosse seier dette om tildelinga av Nobelprisen i litteratur:

- Eg er overvelda, og svært glad og takksam. Eg vel å sjå denne pristildelinga som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takka nynorsken for prisen.

Forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard kommenterer tildelinga slik:

- Vi er uendeleg stolte over at Fosse får Nobelprisen i litteratur. Sidan Fosses litterære debut i 1983 har vi i Det Norske Samlaget fått følgje ein produktiv forfattarskap i stor utvikling og utbreiing. Vi har sett ein forfattar, som etter å ha etablert seg solid som romanforfattar, poet og barnebokforfattar, har gjort dramatikar av seg og opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke i samtidslitteraturen.

Lengre tekst om Jon Fosse:

https://samlaget.no/collection...

Det aller mest omfattande prosaverket Jon Fosse har skrive til no, er Septologien (2019–21). Verket er omsett til over 20 språk og har hausta glitrande kritikkar både innanlands og utanlands. For Septologien har Jon Fosse fått ei rekkje prisar. Mellom anna Brageprisen og Kritikarprisen. Han har også kome på kortlista til den internasjonale Bookerprisen og amerikanske National Book Award.

Den til no siste prosaboka frå Jon Fosse kom våren 2023, forteljinga Kvitleik, ein lysande roman om grensa mellom liv og død.

I 2023 har Fosse også eit jubileum som forfattar. Det er 40 år sidan han debuterte med romanen Raudt, svart.

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 50 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland.

Kontaktpersonar i Samlaget:

Redaktør for Jon Fosse, Cecilie Seiness: + 47 951 09 153 c.seiness@samlaget.no

Marknadssjef Anne Liv Tresselt: + 47 905 61 322 a.tresselt@samlaget.no

Forlagsdirektør Edmund Austigard: + 47 482 01 320 e.austigard@samlaget.no

Kommunikasjonssjef Karin Helgøy: + 47 970 19 865 k.helgoy@samlaget.no

Agent for dramatikken til Fosse:

Colombine Teaterförlag Tel: +46(0)8-411 70 85 info@colombine.se

Agent for utanlandsrettane til bøkene til Fosse:

Gina Winje, Winje Agency: + 47 918 41 150 gina.winje@gmail.com

Jon Fosse awarded the Nobel Prize in Literature


Jon Fosse’s reaction to the award:

-I am overwhelmed and grateful. I see this as an award to the literature that first and foremost aims to be literature, without other considerations.

Edmund Austigard, Executive Officer of publishers Samlaget has the following comments to the award:

-We are immensely proud of Fosse being awarded the Nobel Prize for Literature. As his publishers, Det Norske Samlaget have had the privilege of working with Jon Fosse’ since his literary debut in 1983, and have witnessed the remarkable growth and spread in appeal of this prolific voice. We have seen the development of an author who, having established a solid presence as a novelist, poet and children’s writer, then turned to playwriting and had an international breakthrough unparalleled in contemporary literature.

More about Jon Fosse and his work:

https://samlaget.no/collection...

Fosse’s longest work to date is Septology (2019–21), Its seven parts have been published in three volumes: The Other Name, I Is Another, and A New Name. It is a suggestive, magnificent narrative about the nature of art and God, about alcoholism, friendship, love, and the passage of time. The Septology is translated into over 20 languages and is critically acclaimed worldwide.

For the Septology, Jon Fosse has received numerous awards, including the Brage Prize and the Critics' Prize. He has also been shortlisted for the international Booker Prize and the American National Book Award.

Jon Fosse's most recent prose work, the novel A shining, was released in spring 2023 — a luminous narrative exploring the boundary between life and death.

In 2023, Fosse is also celebrating a literary milestone, marking 40 years since his debut with the novel Raudt, svart.

Jon Fosse (born 1959) is regarded by many as one of the most important authors of our time. His work has been translated into over 50 languages and there have been over 1000 productions of his plays worldwide. Fosse is the recipient of countless prizes, both here in his native Norway and abroad. He debuted as a novelist in 1983 followed by further novels, poetry collections and, in time, children's books and essay collections.

Contact points at Samlaget:

Jon Fosse’s editor, Cecilie Seiness: + 47 951 09 153 c.seiness@samlaget.no

Executive Officer Edmund Austigard: + 47 482 01 320 e.austigard@samlaget.no

Head of Communication Karin Helgøy: + 47 97019865 k.helgoy@samlaget.no

Marketing manager Anne Liv Tresselt: + 47 905 61 322 a.tresselt@samlaget.no

Worldwide agent for Jon Fosse’s dramatic work:

Colombine Teaterförlag Tel: +46(0)8-411 70 85 info@colombine.se

Foreign publishing rights to Jon Fosse’s books:

Gina Winje, Winje Agency, Norway. Email:gina.winje@gmail.com, ph: + 47 918 41 150

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Anne Liv Tresselt

Sals-og marknadssjef 905 61 322

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO